Fosse får den for sin trilogi «Andvake» (2007), «Olavs draumar» (2012) og «Kveldsvævd» (2014), som ble gitt ut som ett bind i fjor. Juryen kaller romantrilogien «et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur». Veldig god vinner synes jeg.
Viser 2 svar.
Jon Fosse i intervju til BT i dag: - I mine øyre har Nordisk råds litteraturpris ein veldig gjev klang. Det har å gjere med at Kjartan Fløgstad fekk den i 1978, for «Dalen Portland». Då var eg tenåring og interessert i litteratur. Eg syntest det var veldig stas at han fekk den, som nynorskforfattar og vestlending. Nynorsken har ikkje fått Nordisk råds litteraturpris sidan. Så det var jammen på tide! No skriv eg meg inn i historia saman med dei to andre nynorskforfattarane som har fått den, Tarjei Vesaas i 1964 og altså Kjartan i 1978.
Det er tydeleg at Fosse kjenner seg nært knytta til nynorsken. Dette seier han til NRK:
Eg har levd eit omskifteleg liv, og nynorsken har for meg vore ein slags heim i verda. Etter kvart har den blitt det. Min heim.
Så på ein måte kan ein kanskje seie at han inviterar lesarane sine heim til seg.