Sett på maken. Og jeg som har bestilt begge de norske "voksenutgavene" av Huck Finn! Buddenbrooks leste jeg for ikke så lenge siden, men den står vel fortsatt i hylla og tåler nok en ny omgang.
Viser 5 svar.
Ja, så vart det ikkje Huckleberry Finn likevel. For meg låg både denne romanen (som all moderne litteratur spring ut av og Onkel Toms hytte klar til å ta over etter Ulysses i cd-anlegget i bilen, så eg helste med glede desse to framlegga. Eg begynte alt på Huckleberry Finn, i Zinken Hopps norske språkdrakt, her om dagen. Og kven les? Johannes Eckhoff, stemma frå Barnetimen for dei minste og Laurdagsbarnetimen! Ikkje berre kom barndommens rike att gjennom Marks Twains roman som eg las opp att og opp att i yngre år, men som eg nå ikkje hadde lese på eit halvt hundreår, men også alt eg forbind med Johannes Eckhoffs stemme vart levande att. Eg kom òg på at eg i tredje klasse på realskolen vart teken ut til statist da Riksteatret gjesta heimplassen min med Max Frischs Andorra; tre lange gutar skulle vere soldatar og gå over scena, og der var Johannes Eckhoff med, Ingolf Rogde òg, og Erling Lindal, så eg har, på ein måte, i alle fall, spelt mot desse tre, utan at det, så vidt eg kan sjå, har sett varige spor i norsk teaterhistorie.
Eg får halde fram med Huck Finn, Jim og dei andre. Buddenbrocks las eg for nokre år sidan, og når eg seinare skal ta føre meg dei høgdepunkta i tyskspråkleg litteratur som eg ennå ikkje har lese, kjem eg ikkje til å ta att denne store romanen, trur eg, heller konsentrere meg om andre verk av Thomas Mann. Eg har lagt inn ein del sitat frå verket som lesarane kan kose seg med, og eg vil så absolutt tilrå eit besøk i familien Manns hus i Lübeck (enkelte scener frå fjernsynsversjonen vart spelte inn der). Og for den som er interessert i Kielland (det burde nå alle bokelskarar vere), er Buddenbrocks fin å lese som etterverknad av Kielland. For det var han som begynte. Nyt Thomas Mann!
Jeg har (omsider) lært av erfaring (håper jeg da...): ikke bestille noe før det det endelige resultatet foreligger - og jeg har sjekket i mine egne bokhyller!! Her kan alt skje til siste sekund.
Selv heiet jeg på outsideren og fikk en gledelig overraskelse!
Håper du får glede av Huck Finn likevel, Marit
Huck Finn har jeg hatt stor glede av flere ganger. Denne gangen hadde jeg tenkt å lese de tre utgavene mine parallelt og sammenlikne. Det kan jeg for så vidt gjøre aleine, men det hadde vært veldig moro å gjøre det sammen med noen.
Eg såg også føre meg at Huckleberry Finn kom til å vinne, og hadde langt på veg førebudd meg på IKKJE å delta i denne runda. Har ingenting imot boka, men eg har alt lest den og eg er litt sær på det med å lese oppatt bøker.
No håpar eg at Buddenbrooks lever opp til forventningane, dette var min favoritt mellom dei som var med i omkampen.
Så for meg at det kom til å bli Huck Finn denne gangen, og var fristet til å begynne å lese den, men fant ut jeg måtte vente og se an. Jeg synes også det hadde vært gøy å lese den sammen med noen, men det er vel ikke noe i veien for at den kan foreslås på nytt igjen i neste runde, om vi klarer å vente med den helt til neste EV-bok :)