Eg er tilhengar av variasjon, og er rimeleg godt nøgd med variasjonen i bøkene i lesesirkelen så langt, Vi har vært innom nesten alle dei nordiske landa, vi har vært innom 3 kontinent, og vi har vært innom 3 hundreår. Også stilmessig har det vært ein fin blanding.
For ytterlegare å utvide spennvidda i lesesirkelbøkene, så foreslår eg eit noko eldre verk enn dei vi har lest hittil. François Rabelais (~1483 – 1553) er mest kjend for ein serie bøker om kjempene Pantagruel og Gargantua. Der er fem bøker i serien, men den femte er det visstnok tvilsomt at det er Rabelais sjølv som har skrive.
Uansett, eg har bladd litt i den første boka, Pantagruel, på nasjonalbiblioteket, og humra meg igjennom nokre sider. For dette er, kva skal eg kalle det, groteske overdrivingar blanda med rompe-humor. Bøkene skal visstnok også innehalde ein del samfunnskritikk og harselas over religionen, utan at eg fanga opp dette i dei få sidene eg las. Men det framstend som utruleg for meg at ei slik tekst kan ha blitt utgitt i renessansen. For å seie det på ein annan måte; dersom eg hadde skrive noko slikt i ein skulestil som ung ville nok foreldra mine blitt innkalla til ein samtale med rektor.
Forslaget mitt til denne runda er dermed Pantagruel. Eg passar på at bøkene eg foreslår til lesesirkelen er nokonlunde tilgjengelege i handelen. Boka er å få som pocket til kr 149,- hjå ein rekke nettbokhandlar. Eg vil også tru den er lett å finne tak i på bruktbokhandlar. Men det kanskje beste tilbodet er hjå bokklubben, der verdensbibliotek-utgåva med Pantagruel + Gargantua (bok nr 2) kostar 79,-.
Viser 1 svar.
Hehe, Jostein....eg let meg friste av ei bok som kan framkalle litt humring og latter, kanskje...? Boka Pantagruel låg iallfall i postkassa i dag, takka vere ditt innspel!
Elles så håper eg at eg får vere med på felleslesinga, same kva bok som blir valt. Det har med tilstanden i heimen å gjere. Vi får sjå, eg har greidd det utrulige før også.
Uansett så ynskjer eg både deg og alle andre her inne ei god helg!