KRISESENTERET FOR DIKT

Krisesenteret for dikt, vær så god.
- Det er eit dikt som ringer, hallo.
Kva kan eg hjelpa deg med, lyriske bror ?
- Eg er så lei meg, eg manglar eit ord.
Berre eit ord er vel ikkje så gale ?
- Men eg vert mobba av dikt som er normale.
Snu diktet til, sjå ei anna retning.
- Men i tillegg til ordet, eg manglar ei setning.

Prøv no å bli eit meir positivt dikt.
- Ja trur du at eg finn att det ordet på sikt ?
Ja, klart, kjære venn, du får att setning og ord.
- Ja, men kva med det verset eg mista i fjor ?
Uff, eit år utan vers, det er nokså lenge.
- Ja, det var ein forfattar som strauk ut poenget.
Du må vite at forfattarar kan gå over lik-
- Ja, men det var vel litt stygt å valdta meg slik ?

Du er litt forkommen, men det ordnar seg nok.
- Men eg står aldri i ei bok, eg står att på ei blokk.
Sei ikkje det, om ideen er god.
- Men eg er langt unna bok, slik eg har det no.
Men eg skal hjelpa deg litt, då vert du nok bra.
- Eg trur neppe det går, men takk skal du ha.
Du får ein heilt ny forfatter, no vert du nok fin.
- Ja send ein heilt ny forfattar, som har drukke litt vin.

Jon Fosse

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Fantastisk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For et herlig dikt om dikt! Ja, tenk hvor mange potensielle dikt som stopper på blokka eller et løst ark. En god idè som aldri kommer lenger enn en setning av gårde. Jeg har vært der og kommer helt sikkert dit igjen. Hm, er ganske nær nå...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marit MogstadDemeterHeidi HoltanAnniken RøilKirsten LundPiippokattaEivind  VaksvikINA TORNESTine SundalDolly DuckRufsetufsaTove Obrestad WøienCecilieLinnKristine LouiseJulie StensethV. HulbackKetilPirelliBjørn SturødRositaIngunn SLailaGrete AastorpInger-LiseEllen E. MartolSol SkipnesStig TAnne Berit GrønbechEvaBjørg Marit TinholtBeathe SolbergYlvaTonje SivertsenTorill RevheimIngeborg GTanteMamieKaren PatriciaCathrine PedersenHilde Merete Gjessing