Kielland er ein klassikar - og held framleis mål. Romanane hans kan lesast som ei samla skildring av Stavanger på slutten av 1800-talet. Både borgarskap og dei meir folkelege samfunnslaga blir skildra på ein måte som ville vore Dickens verdig. Kielland har nett dei same eigenskapane - han maktar å skapa mytiske karakterar som han sett inn i ei ramme av underhaldning og samfunnskritikk. For bøkene hans er "underhaldande", dei er noko av det næraste du kjem "ei god bok".

Av ein eller annan grunn er Jacob den siste boka eg har lese av Kielland - og det var også den siste romanen han gav ut. Det kan merkast, for boka er tammare enn dei foregåande. Men held framleis mål i massevis.

Og så underleg kor dagsaktuelle Kielland sine romanar framleis er! Du kan overføra den sviande samfunnskritikken til Stavanger og Noreg anno 2000 - lite har endra seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPernille GrimelandEmil ChristiansenPiippokattaMorten MüllerKirsten LundVannflaskeStig TKaren RamsvikTine SundalEster SLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikFrisk NordvestMari ArnLilleviJarmo LarsenBente NogvaHilde Merete GjessingJulie StensethReidun VærnesReadninggirl30Astrid Terese Bjorland SkjeggerudMona AarebrotAud Merete RambølmarvikkisNabodamaTatiana WesserlingBeathe SolbergKaramasov11FredrikAnne Berit GrønbechIngeborg GKjell F TislevollMarianne MVibekeLailalillianerNorahRonny