Er Brasil eit av dei mulige alternativa? Eg er veldig begeistra for den brasilianske forfattaren Jorge Amado (1912-2001). Det er ikkje så mange av bøkene hans som er å få på norsk, dei einaste eg veit om er Tereza Batista og Det store bakholdet, eg har ikkje lest desse enno, og kan ikkje seie så mykje om korleis dei er.

Amado la handlinga i mange av bøkene sine til delstaten Bahia, og dei inneheld rike og mangfoldige skildringar av folkelivet der. Eg vil spesielt halde fram Gabriela Cravo e Canela (sjå bokomtalen), denne er å finne på engelsk som Gabriela, Clove and Cinnamon. Ei anna av dei mest kjende bøkene hans som eg vil anbefale er Capitães da areia, eller Captains of the sands på engelsk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Sanneleg, når eg sjekkar på Nasjonalbiblioteket (mitt beste sjekketriks!) så ser eg at det er fleire bøker av Jorge Amado enn eg visste om som er oversatt til norsk, mellom anna dei to eg anbefaler i posten over.

Her er pr dato Amado-katalogen på Nasjonalbiblioteket:

1 - Jubiabá (1935), på norsk Negeren fra Bahia, Ny dag, 1957, oversatt av Torbjørn Bergstrøm.

2 - Capitães da areia (1937), på norsk Strandens herrer, Ny dag, 1955, oversatt av Lise Lindbæk.

3 - Gabriela, cravo e canela (1958), på norsk Gabriela, nellik og kanel, Gyldendal, 1964, oversatt av Axel Segelcke Seeberg.

4 - Tereza Batista cansada de guerra (1972), på norsk Tereza Batista, Den norske bokklubben, 1988, oversatt av Anne Elligers.

5 - Tocaia grande (1984), på norsk Det store bakholdet, Gyldendal, 1990, oversatt av Kjell Risvik

Fem ulike oversetjarar på fem bøker, før eller seinare må eg bla litt i dei for å sjå korleis dei ulike har tilnærma seg Amado sin skrivestil. Eg merkar meg også at forlaget Ny dag, som var tilknytt Norges kommunistiske parti, tilsynelatande mista interessa for Amado etter at han melde seg ut av kommunistpartiet på slutten av 1950-talet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe SolbergSigmundRagnar Tømmerstø