Eg kjenner berre ei av bøkene hans, Fotball i sol og skygge. Ein serie små historier og anekdoter om fotball og fotballspelaar, ein stor del av dei frå Sør-Amerika. Ei av historiene har festa seg ekstra godt i minnet; ein godt voksen journalist møter ein enno godt voksnare fotballspelar på eit supermarked i Agentina. Tomta supermarkedet ligg på var tidlegare ei fotballbane. Dei kjem i snakk, og den gamle spelaren kjem spontant på å vise journalisten korleis det gjekk til då han skåra eit av dei mest berømte måla sine. Mellom hyllereolar, handlevogner, matvarer og kundar gjenskapar han hendinga på same staden som for fleire tiår sidan, sender den fiktive ballen i mål som var ved der kassaapparata er, strekker armane i veret og mottek applaus frå dei handlande. Vakkert.
Viser 3 svar.
Enig. Denne boka kjøpte jeg til en kjæreste for lenge siden. Jeg streifet rundt i boka, men kom aldri i gang med den, ville husket dette øyeblikket om jeg hadde lest det.
Skulle du ha tilgang på boka enno så er det side 137.
Og for den som har norsk IP-adresse så kan ein også lese den på Nasjonalbiblioteket
Nei, har ikke det, men jeg tror at grunnen til at den ble kjøpt i første omgang, var kombinasjonen av fotballglede, poetisk språk og at den ble anbefalt av enten D. Solstad, J. Michelet eller K. Fløgstad i en avis for lenge siden. Det jeg leste om E. Galeano i går, fristet i alle fall til mer. Det slo meg at fotballfans finnes i mange slags former.