Kapittel 15; mora legg inn ISBN-nummerert 82-05-35808-7 i biblioteksdatabasen. Eg måtte berre sjekke, det er til romanen Gjøre godt av Trude Marstein. Både boka og forfattaren er ukjende for meg.
Er denne boka tilfeldig plassert her av forfattaren, eller skal valet av bok seie noko om livet til mora i forteljinga? Dersom nokon av felleslesarane har lest "Gjøre godt" hadde det vært moro med synspunkt på dette.
Viser 1 svar.
I starten av kapittel 17, som er minst ein dag etter handlinga i kapittel 15, driv framleis mora med å registrere boka "Gjøre godt", denne gangen er det tittelen som er nemnt. Dette får meg til å tru at forfattaren her på ein litt skjult måte peikar på nølinga og somlinga i det mora tek seg til med. Ho kjem liksom ingen veg med nokon ting.
Eller er bodskapet rett og slett at det er ein veldig langsom prosess for henne å "gjere godt"?