Kapittel 11: Mora ser eit bilete av to alvorlege menn hand i hand i ein åker, med ein høygaffel, og synest det var eit morosamt bilete. Eg forstod med ein gang, før sonen forklarte det, at det måtte vere ein variasjon over motivet i dette maleriet,
American Gothic (sjølv om eg ikkje hugsa namnet), og tykte også at det var ein morosam vri.
Men det blir etter kvart klart at mora ikkje kjenner til det opphavelege maleriet, og då er det litt mindre klart for meg kvifor ho tykte det var morosamt. Enno rarare tykkjer eg det er at sonen, som kjenner det opphavelege maleriet, IKKJE synest det er morosamt. Merkelege folk, desse to, eg forstår meg ikkje heilt på dei.
Forresten så har eg prøvd å google fotografiet som skildrast i boka, men har så langt ikkje klart å finne noko som passar heilt. Er det nokon som veit om biletet faktisk finnest, eller om det er eit produkt av Haugerud sin fantasi?
Viser 1 svar.
American Gotich ble malt av Grant Wood i 1930 - og er dermed ikke et produkt av Haugeruds fantasi. :)