Ei helg nesten tom for planar, og eg har eit tårn med bøker (og strikk) eg skal kosa meg med. I sengi les eg (enno) The Big Over Easy av Jasper Fforde, om mordet på Humpty Dumpty. Som deg, Vibeke, fekk nyhenda om Terry Pratchett førre veke meg og til å finna fram att Discworld, eg har den siste veka kost meg med Monstrous Regiment, som er både humoristisk og tankevekkende om kvifor me går til krig. Synd det skulle så triste nyhende til for at me kom i gang med han (att). På øyra har eg Neil Gaiman sin American Gods (det er mykje fantastisk litteratur for tidi ser eg). Og no, medan soli skin og alt er stille og nesten magisk i Bergen har eg sett meg i hagen med A history of London in 100 places av David Long, og vekslar mellom den og Dikt i samling av Olav H. Hauge - sidan det trass alt er verdas poesidag i dag. God helg!