For Keelingøyene s. 54 så gir Schalansky eit stemningsbilete frå Darwin sitt besøk på atollet. Men det var ei opplysning på tidslinja for historia til øya som fanga merksemda mi; stridigheiter mellom dei to første busetjarane på øya 1826-31. Eg måtte slå opp i wikipedia, og denne historia var langt saftigare enn Darwin-vitjinga..
Her er greia; skotten John Clunies-Ross svinga innom den folketome øya i 1814, og bestemte seg for å kome att seinare for å busetje seg. I mellomtida hadde ein engelskmann, Alexander Hare, flytta inn på øya saman med eit harem av 40 malay-damer. Snakkar om tiltak. Clunies-Ross blir sjølvsagt sur når han seinare dukkar opp og finn at nokon andre har tatt øya, og når sjømennene på Clunies-Ross sin båt stikk av med damene til Hare så blei vel Hare også ganske misnøgd, og det endte med at sistnevnte strauk sin kos.
Ja ja, Hare, det var nok for godt til å kunne vare.
Viser 1 svar.
Eg høyrde nettopp Joshua Slocum sin reiseskildring Sailing Alone Around the World frå 1899, der han mellom anna vitja Keelingøyane. I den anledning gir han ei utfyllande framstilling av konflikten mellom Ross og Hare. Det er verkeleg ei kosteleg historie.