God helg til deg òg, Vibeke!
Eg har som vanleg samla saman 15 diktanalysar, 60 fagartiklar og 25 prøver til helgi (eg går ikkje tom for lesestoff med det fyrste), men håpar det vert tid til litt anna lesing òg - trass i at eg skal på hyttetur med gode vener. Eg sit bom fast i En vampyrs bekjennelser, og klarar ikkje å bestemma meg for om eg skal tvinga meg vidare eller ta ein pause - innspel frå røynde lesarar vert tekne i mot med takk! På sengi les eg enno The Big Over Easy av Jasper Fforde, om drapet på Lille Trille og problemet med bønnene og kyri. I tillegg skal eg byrja på ei Neil Gaiman-bok, berre fordi eg vil, men eg klarar ikkje heilt å bestemma meg for kva for ei, det er so mange å velja mellom, og alt for mange av dei står ulesne i mi bokhylle. Og so var det VM, då... Det får bli på radioen.