Trass at ferien byrja i dag, er det enno nokre stilar som skal lesast før ein lærar kan ta heilt fri, so det ser ut som det vert helgelektyra i hovudsak. Men innimellom skal eg lesa litt i En vampyrs bekjennelser av Ann Rice - mest fordi den vert rekna som ein klassikar, i fylgje 1001 Books to Read Before you Die og The Big Over Easy, som er eit gjensyn med Jasper Fforde sin Nursery Crimes-serie, der Humpty Dumpty (han som sat på ei hylle) vert funnen knust, og det store mysteriet er kven som ville egget til livs. Kjempemoro, og perfekt helgelektyre når ein treng litt pause frå barokken og diktanalysar.
Viser 1 svar.
Oppdatering: Det var so mykje meir freistande å byrja eit nytt oppussingsprosjekt enn å arbeida denne helgi, so attåt vasking, sparkling, pussing og måling har eg høyrt lydbok. Eg ferda Us av David Nicholls som eg har drive med sidan oktober - men som verkeleg var fengande når eg fyrst kom i gang - og byrja på noko som verkar som noko av det enklaste eg nokon gong har lese eller høyrt (og det er inkludert diverse Harlequin-romansar), The List av Joanna Bolouri, om ei jente som bestemmer seg for å leva ut sin seksuelle fantasiar - med sin beste ven. Antakeleg ikkje den beste ideen - men både jenta og opplesaren er skotske, so det veg litt opp for manglande litterære kvalitetar.