Jeg har sagt det før, Jostein: Du er en skarp iakttaker og en god leser. Dette endres her og nå til:
Du er en eksepsjonell skarp iakttaker og en særs god leser. Og dette mener jeg !!!!!!!
Kapittel 15 . Vi er omtrent like langt kommet i GBS. Men litt urovekkende for meg likevel med hensyn til din nøye gransking av tekstene og sammenligninger med andre tekster, samtidig som du er i god gang med ny bok! Jeg begynner å få mindreverdighetskomplekser i en slik setting.
NB: Du tar vel ikke for mye Møllers Tran ?
Viser 6 svar.
Takk for hemningslaust skryt, men eg skuldar vel å gjere merksam på at eg ikkje les Gösta Berling frå perm til perm, sidan eg las den, eller rettare sagt høyrde den som lydbok, for få månadar sidan. Faktisk har eg denne gangen berre bladd litt i ei utgåve på nasjonalbiblioteket, eg har vel i høgda lest opp att 20 sider. Men eg nyttar denne diskusjonstråden til å ta opp enkelte ting som eg lurte på medane eg høyrde på boka, og så har eg hatt stor glede av å følge med på øvrige tema som har vært diskutert.
Tran er godt, men no er det lenge sidan eg har hatt det i hus. Kanskje eg skulle kjøpe meg ei flaske?
Lydbok høyrer eg mest på når eg er på bil- eller bussturar. Veldig greit for å slå i hjel reisetida. Og så finnest det så mange flotte lydbøker ein kan laste ned gratis frå internett. Eg legg dei inn på telefonen, så då har eg alltid med med ei bok uansett kvar eg fer.
Gösta Berlings saga høyrde eg på norsk med Kari Hepsø som opplesar. Boka lasta eg ned gratis frå ei internetteneste som heitte Ordflyt, den er dessverre nedlagd eller rettare sagt omgjort til ein betalingsteneste som heiter Storytel.
Eg kan kanskje nytte høvet til å tipse om ein annan nettstad eg har nytta: Loyalbooks (tidlegare booksshouldbefree.com). Her finnest det eit stort antal klassikarar av ymse slag som gratis lydbøker, dei fleste på engelsk men også på ein del andre språk (ingen på norsk enno, men eit lite knippe på svensk og dansk).
Kvaliteten på innspelinga varierer visst noko, eg anbefaler å kike etter kommentarar om dette på omtalene til dei enkelte bøkene før ein bestemmer seg for å laste ned ei bok. Men eg har for min del vært nøgd med alle bøkene eg har henta herifrå.
Takker deg for dette, Jostein. Svært generøst gjort av deg. Kanskje dette kan føre til at også jeg blir en "digital" leser ? Her var mye spennende, innrømmer gjerne det. Så kanskje jeg prøver meg ?