Nynorsken har vel fått stempel som eit sidrompa bondespråk, men samstundes har den også dette med at det skal vera noko meir vakkert enn bokmål, noko eg trur har meir å gjera med at det kan oppfattast som eksotisk. Bonderomantisk muligens. Personleg mislikar eg sterkt desse rurale konnotasjonane. Det blir som med dialektbruk i reklame. Når det er landbruksprodukt som skal selgast, så går ein heilt over bord med denslags. Både poesi og nynorsk er jo allereie ting som er belemra med ein del fordommar. Sjølv har eg vanskar for å seie sikkert at anten bokmålet eller nynorsken er noko vakrare enn parallellspråket sitt, men var det ikkje VG som kåra "kjærleik" til det vakraste ordet på norsk?

PS: Og om ikkje det var klart, så er det fordommane mot bønder som er underlaget for dette her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 9 svar.

[ Slettet av bruker ]

Det var interessant, dette her. Eg kjenner sjølv ein bymann frå Stavanger som har gått over til Nynorsk, muligens av din generasjon, men eg trur også me dels snakkar om litt ulike sider av saka her, kanskje grunna min måte å uttrykke meg om saker på i generelle termer. Det er uansett slik at språkleg estetikk er subjektivt, og eg legg i grunnen også berre fram måten eg sjølv ser det på. Kanskje utdjupar eg litt meir seinare, når eg får tid.

__
Utdjuping:

Eg har kanskje aldri opplevd at ein debatt har noko hensikt for dei som deltek i han. Eventuelt kun for dei som høyrer på, men det er på sida. Difor var det i alle fall ikkje meininga å starte ein debatt.

Det du seier om by og land, og at konservativt bokmål kan bli oppfatta som noko negativt, det er jo eit vesentleg poeng. Kanskje er det fordi det er eit avvik frå det ein oppfattar som den språklege norma.Språk er jo identitet, og med ein gong ein avviker, så kan det tolkast som at ein prøver å gjera det til eit "statement". Eg har ikkje noko problem med konservativt bokmål eller riksmål, men det er klart at når ein byrjar å skrive "nu" og denslags, så blir det jo litt lada.

Det at somme meiner nynorsk er eit godt egna språk til litteratur, det kan eg forstå. Nynorskandelen er langt høgare blant prisvinnande litteratur enn i befolkinga elles. Og så har me ein som Jan Roar Leikvoll, som skreiv skjønnlitteraturen sin på nynorsk, men elles var han bokmålsbrukar. Men til og med han, ein gong eg hørte han snakke om litteraturen sin, vart ubekvem når det kom frå ei i salen at "nynorsk er et vakkert språk". Fordi det igjen spelar tilbake på det at nynorsk er godt egna for dikt, og dermed implisitt skulle vera mindre egna for andre ting. Slik blir sjølv eit kompliment noko som kan lugge litt hjå somme nynorskingar. ;-)

__

Men vidare, så er det sikkert mange som har betre greie på dette med språk og identitet enn meg, samt dette med korleis det har seg at ein oppfattar eitt språk som vakrare enn eit anna, og så er det, som du seier, vel så viktig å beherske det språket ein har, for at det skal verte vakkert og/eller klart og tydeleg, eller kva ein no har som ideal. Men eg kjem også til å tenke på korleis enkelte namn blir sett på som vakrare enn andre, og korleis dei namna ein forbinder med svigermorgenerasjonen ofte ikkje framstår så estetisk velklingande som dei av eldre generasjonar, men no er kanskje namn meir belemra med eins eigne assosiasjonar enn kva språket i seg sjølv er.

Eg lurar imidlertid på om det er ein forskar som heiter Ivar Utne som uttalar seg om namn i ny og ne, og trekk fram visse vokalar som meir velklingande enn andre, så det kan vel vera noko i det, om nynorske diftongar og slikt kan ha meir musikalitet i seg. Men det er vanskeleg å sjå slikt i sitt eige språk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Eg er temmeleg viss på at det er lettare å gå frå nynorsk til bokmål enn omvendt, berre grunna at eksponeringa for språket er så mykje større. Men det kjem jo an på motivasjon, sjølvsagt. Eg har i mitt vaksne liv budd i Bergen og Oslo, men kjem frå ein liten vestlandskommune, der eg hugsar at fleire av mine nynorskskrivande medelevar gjekk over til bokmål så snart dei var gamle nok til å velge. Sjølv hadde eg eit år betre karakter i sidemål enn i nynorsk.

Om eg får velge hovudmålet til mi eiga dotter trur eg på å velge nynorsk, fordi bokmål uansett kjem så mykje lettare inn. Men så spørs det kva moglegheitene er for denslags her i Oslo. Det er uansett eit par år til enno.

Og når det gjeld Rage, så er nok det eit jærsk namn, ja, og ikkje spesielt vanleg på landsbasis. Ellers kan eg jo seie så mykje som at konvertitten eg nevnte ga ut ei diktsamling på nittitalet som han vann ein språkpris for, og eg deler etternamn med han, men det har med min relasjon til dotter hans å gjera.

Og tid, ja. Det skulle ein jo alltids hatt meir av.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Boka heiter Ei kvit stille, og namnet er Knut Rage.

Og, ja, som du seier, det er gjerne andre variablar som spelar inn i val av språk. Eg trur det finst ein eller to nynorskelevar i grunnskulen i heile Oslo nett no, men eg kjenner jo ikkje til korleis dei organiserer det.

Uansett, når forskninga tilseier at det å mestre både bokmål og nynorsk jamgodt kan gi somme av dei same kognitive fordelene som andre tospråklege har, så er det tunge argument for å ta begge språk alvorleg medan ein er ung, så sant ein har moglegheita (og det har ein jo i teorien uansett).

PS: Og elles når det gjeld å lese og skrive på nett, så er det jo like viktig korleis ein vert lesen som korleis ein skriv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Ja, det er jo ein medley av språk du nevner her. Takk for interessante døme.

Det som ofte kan vera påfallande er jo kvar ein nyttar dei ulike språka. At teikneseriar skal vera på bokmål er jo gjerne ein uskriven regel (moglegvis av kommersielle hensyn). Kan ikkje hugse sist eg såg ein på nynorsk, eller dialekt for den saks skuld. Men eg meinar at ein ei tid kunne abonnere på Donald Duck i nynorsk utgåve. Av ein eller annan grunn fekk eg lyst til å lesa det nett no, for å sjå korleis det vert. Eg las bokmålsutgåva i store deler av oppveksten, men at det skulle finnast på nynorsk fall meg ikkje inn.

Anglifiseringa av arbeidslivet og samfunnet for øvrig er jo elles velkjend stoff. Somme snakkar om snikislamisering, men snikanglifisering er jo faktisk noko.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

mgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  Jensen