Hvor mange bøker og bokhyller kan man kjøpe for 7,4 millioner?
Viser 2 svar.
Dersom ein held seg til ikkje alt for ekstravagante bokhyller, så bør ein kunne finne eller bestille rimeleg pene hyller med 6, kanskje 7 rader i 80-cm breidde, golv til tak, til 4000 pr stk. Får ein klemt inn 7 rader så blir det då ein hyllemeterpris på kr 714,-. Dersom ein ikkje på død og liv skal kjøpe berre nye bøker til fullpris, men satsar på salg og brukthandel i tillegg så bør ein kunne vente at ein rimeleg bokpris kan vere kr 200 pr stk. Dersom ei gjennomsnittsbok er 25mm tjukk, gjeng det altså 40 bøker på ein hyllemeter. Hyllemeterprisen inkudert bøker blir dermed kr 8714,-.
For 7,4 millionar kan ein altså vente å kunne kjøpe 849,21 hyllemeter med bøker og bokhyller, eller med andre ord 33 968 bøker, og 152 bokhyller til å oppbevare dei i.
Det er nok minst like relevant å vurdere kor mykje av pengane ein skulle bruke på å skaffe seg ein større bolig med betre plass til bøker, eller kanskje heller finne ut av om det er mogleg å kjøpe seg meir tid til å få lest alle bøkene ein ynskjer.
Jeg er imponert over hvor djupt du har gått inn i denne materien, Jostein. Du hadde virkelig trua på lottorekka di denne helga du...
Jeg sto han av når jeg skjønte at premien blei så lav; måtte dele med andre og greier :-(