Kvifor blunkar stjernene -
trur du dei får sova?
Støtt når mørkret legg sin veng
kringom tun og stova,
sprett dei fram på himmelblå,
speglar seg i el og å
vaker heile natta.
Trøytte blir dei vel til slutt
av å leike sisten.
Ynskjer helst å gå til ro
utpå morgonkvisten.
Men når morgonsola sprett
kan vel stjernene gå rett
heim til seg - og sova?
Nei, min ven, stig sola her,
annan stad ho glader.
Da står stjerneflokken der,
blunkar andre stader.
Står på himmelkvelven stor,
lyser for ein liten bror,
for ei lita syster.
Forfatter: Jan-Magnus Bruheim
Frå Grashoppa og andre barnerim, 1966
Viser 1 svar.
Wow! Så flott skrevet av Bruheim :-)