Når Goriot nærmar seg slutten fortel Bianchon at ein del av behandlinga dei vil prøve er å brenne moxa på huda hans. Kva er dette for noko då?
Wikipedia fortel at dette er ei gamal kinesisk behandlingsform der ein brenn moxa på akupunkturpunkt på kroppen, og at moxa er laga av tørka burot. Ja ja, det er farleg å vere sjuk.
Viser 1 svar.
He he ... nokre sider seinare skriv jo Balzac omlag det eg tenkte:
"... en behandlingsform som var siste skrik i legevitenskapen, og forøvrig helt virkningsløs."
Det virker som om forfattaren hadde ein god porsjon sunn skepsis. Leitte etter "like"-knappen nederst på boksida ....