Solum-utgåva frå 2010; det ser ut for at språkvasken har svikta litt i enkelte parti. Spesielt litt etter midten av 2. kapittel tykte eg der var mange merkelege skrivefeil.
Viser 1 svar.
Ser at eg har same utgåve som deg....Eg har ikkje bite meg merke i sviktande språkvask, derimot merka eg meg ein del ord i siste del av 2. kap som ikkje finst i mitt vokabular. Men, eg fekk likevel med meg samanhengen.
Elles blir det meir og meir tydeleg at det er herr Rastignac som er mest i fokus, der vi får hans oppleving av Goriot og eine datra hans.
Siste del av kap 2 var nesten i overkant rørande i skildringa av ein far som har ein ubegripelig sterk kjærleik til sine to sjølvsentrerte døtre.
Det fryder mitt hjerte. De er jo mitt eget kjøtt og blod. Jeg elsker hestene som trekker dem, jeg skulle ønske jeg kunne være den lille hunden som sitter på fanget deres. Jeg lever av deres gleder.