Eg mora meg litt over denne artikkelen i VG i dag, om bøker som "ingen" fullfører. Vinnaren er boka Captial in the Twenty-First Century av Thomas Piketty. Det blir anslått av berre 2,4% av dei som startar på boka fullfører den. Statistikken er basert på analyse av amerikanske e-boklesarar.

På bokelskere.no er det per dato 18 lesarar som følger boka. Av desse er det 6 som markerer at dei ønsker seg den, altså må ein anta at desse lesarane ikkje har starta på boka. Videre er det 5 som har markert at dei skal lese den, det er også rimeleg å anta at desse ikkje har starta på boka.

Av dei øvrige er det 1 som har markert "har lest", 2 har markert "leser" 5 har ingen markering, men ein av dei utan markering har gitt terningkast til boka.

I beste fall kan ein gjette på at personen utan markering men som har gitt terningkast har lest boka, og at dei øvrige utan markering ikkje har starta på boka. Då vil det vere 4 personar som har starta på boka, og 2 har fullført. Altså 50%.

I værste fall kan ein gjette på at alle utan markering har starta på boka men avbrutt den, også vedkomande som har gitt terningkast. Då vil det vere 8 som har starta på boka og 1 som har fullført, altså 12,5%.

Uansett så slår bokelskere.no dei amerikanske e-boklesarane ned i støvlane.
(Ja, eg veit at det statistiske grunnlaget for påstanden er tynt)

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

Elin FjellheimBjørn SturødTine SundalHanne Kvernmo RyeConnieMathiasGeir SundetKirsten LundBente NogvaDressmyshelfEster SSynnøve H HoelNicolai Alexander StyveLailaReidun SvensliVannflaskeFride LindsethKaramasov11Akima MontgomeryGitte FurusethBjørg Marit TinholtPi_MesonJoannAjiniakraToveGrete AastorpgretemorPiippokattaEgil StangelandTonje-Elisabeth StørkersenLilleviingar hBookiacRandiAEivind  VaksvikOleEvaKaren PatriciaFrisk NordvestEli Hagelund