Du tek opp eit viktig spørsmål her - som det er vanskeleg å finne svar på som alle kan einast om. Er "arbeidarlitteratur" litteratur skriven av arbeidarar, om arbeidarar eller for arbeidarar - og kva slags kombinasjonar her kan vi "godkjenne"? Lyt diktinga ha sosialistisk tendens og peike ut over det borgarlege samfunnet (da fell i så fall Venstremannen Oskar Braaten utanfor)? Sjølv vik eg unna litt for faste definisjonar, men Hans Scerfigs Frydenholm, som du nemner, ville eg ikkje inkludere - enda dette, etter mitt syn, da, saman med VesaasFuglane og Borgens Lillelord*, er ein av dei aller beste romanane som er skrivne i Norden etter andre verdskrigen og meir enn nokon annan avslører kva potensial som borgaskapet har til å gripe til fascismen for å trygge interessene sine.
Eg drøfter (eller her bør eg vel helst bruke preteriyum: drøfte) spørsmålet litt i ein artikkel i Petter Larsen Arbeideren og diktningen. Elles er jo Arvid G. Hansens Arbeideren i norsk diktning ein klassikar når det gjeld dikting som handlar om arbeidarar.
Same kva definisjon ein legg til grunn, liker eg best, når det gjeld romanar, Kristofer Uppdals bøker. Romanserien hans, "Dansen gjennom skuggeheimen" tok eg som fordjuping til mellomfag i nordisk, og som ein emnekrets til hovudfag tok eg "Nordisk arbeidardikting", Men dette er lenge sidan, og pensumlista finn eg neppe att.
Eg ser du har fått mange svar med gode framlegg, særleg om svensk litteratur, som eg steller meg bak, men altså også om bøker som eg sjølv ikkje ville kalle "arbeidarlitteratur". Men diskusjonen er interessant!
Viser 2 svar.
Takk. Det var fine tips. På side 15 i denne boka omtales Emile Zola, som Annelingua nevnte. (Og på sida før ser jeg en av "våre" Sinclair'er, nemlig vår mann Upton Sinclair er omtalt.) Dette må nok utforskes.
Jeg lar en eventuell uenighet om hvor Frydenholm bør plasseres ligge i første omgang, men jeg støtter uansett rangeringen av boka som en av nordens beste etterkrigsbøker.
Takk skal du ha! Ja, nå er òg Arvid G. Hansen digitalisert. I mi tid som student fekk eg ikkje tak i boka på antikvariat i nærmiljøet, så eg hugsar at eg stod langs ein hylleveg på biblioteket i Trondheim og las ho; eg "fotograferte" kvar side med minnet, hugsar eg - og så var ein del av eksamensoppgåva i nordisk arbeidardikting å vurdere nettopp Arbeideren i norsk diktning ut frå ei problemstilling eg ikkje lenger hugsar. Da var det berre å "framkalle" dei sidene eg hadde "fotografert", så eg "las" boka for mitt indre blikk ved eksamensbordet og siterte flittig. Det gjekk svært så bra, det. I dag er det lite arbeid blant unge menneske med å trene seg i slike hugseteknikkar.
Og Zola? Ja, visst er her bitande kritikk, men det Hansen ikkje ser, er at Zolas framstilling av det borgarlege samfunnet botnar i ein naturalistisk tendens og derfor er utan håp.