Ja, Arne Garborg er verdt å studere nærmere. Han skrev i alle sjangre: romaner, skuespill, lyrikk, artikler, essays osv. En stor språk- og ordkunstner. Bare hør (bør leses høyt) her:
"Utanfor, i vest, bryt havet mot ei sju milir lang, låg sandstrand.
Det er sjølve havet; Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drivi av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgetone frå dei ytste avgrunnar. So støyper det seg mot strandi og krasar seg sund i kvit foss, med dunk og dyn og lange brak, døyande burt i døyvt dunder."
(Første avsnitt i romanen Fred, 1892)