Desse månadsoppsummeringane er artige å lesa, tykkjer eg. Ein påminning på kor ulike me bokelskarar er - og i tillegg kan ein plukka opp gode lesetips.
Mine topp tre i april er svært ulike, men alle har gjort inntrykk og vore gode leseopplevingar:
To soldater av det svenske forfattarparet Roslund og Hellström - bok nummer seks i ein veldig god politikrimserie.
Allahs tårer av Rikard Spets; imponerande, spennande og actionfylt debutbok. Eg gledar meg til bok nummer to som kjem ut seinare i år.
Frihetens øyeblikk av Jens Bjørneboe. Fyrste del av "Bestialitetens historie" var meir lettlest enn forventa; språkleg elegant, til ettertanke og mykje svart humor.