HEISEN

Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?

Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen.
opp og ned.

Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt
så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set seg i gang.

Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg boblar kvar gong
ei lita spenning:

Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?

Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.

Vi tar alltid heisen.

Halldis Moren Vesaas

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Eg har lese dette under tittelen "Ferdaminne frå sommaren 1985" og synes det er so vakkert. Den tittelen gjer noko med måten eg les Halldis på - det gjer heisturen til noko større, det trekker linjer til Aa. O. Vinje (og kven kan vel mislika den godaste Aasmund) og det plasserer dette diktet seint i livet, sjølv om kjenslene ho fortel om vert tolka som ungdomsforelsking (eg har brukt dette diktet i klassen min, ikkje ein av dei kunne plassera dette diktet i slutten av eit liv - er det ikkje godt å vita at denne kriblinga kan vara livet ut, komma attende når ein er godt oppi åri, med ein ny kjærleik?)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Jeg ser de to levende for meg, men at hun var såpass voksen, 78 år, det visste jeg ikke. Gisle Straume var faktisk 10 år yngre enn henne, fantastisk, og jo det er godt å vite at vi aldri blir for gamle til å forelske oss.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

EvaDolly DuckEli HagelundDemeterAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnn Helen EToveTorill RevheimBeate KristinEster SMonica CarlsenPiippokattaJan Arne NygaardIrakkKirsten LundHarald KRune U. FurbergalpakkaHelge-Mikal HartvedtTove Obrestad WøienJan-Olav SelforsGeir SundetBeathe Solbergingar hKjell F TislevollTherese HolmJohn LarsenAvaJarmo LarsenNinaGunillaTore OlsenReadninggirl30Ingeborg GTor-Arne JensenBård StøreOleHanneTanteMamieAkima Montgomery