Ein annan ting eg tenker i høve til dette er at Pessoa jo først og framst var poet. No hugsar eg ikkje heilt korleis dette avsnittet ditt står frå Pessoas hand – det kan vera han adresserer akkurat den saka – men poesi er ikkje like avhengig av å foregå innafor ei fiksjonalisert verd på same måte som skjønnlitterær prosa.

No finst det jo sjølvsagt òg ein masse romanar som tar dette inn over seg, gjennom den såkalla autofiksjonen (Espedal, Knausgård, etc.). Det les vi likevel på eit nivå som fiksjon – Espedal har t.d. sagt at det blir fiksjon med ein gong det kjem ned på papiret. Poesi kan, i alle fall for meg, vera ein meir direkte leik med verkelegheita, og språket som ein del av verkelegheita, og forholdet mellom språk og ting.

Men alt handlar om verkelegheit, og skjønnlitteraturen kan eigentleg ikkje lyge om verkelegheita. Det kan sakprosaen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Yvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk Ottersen