Fint med denne typen diskusjonar, for her er alltid ein eller ei som opnar nye vindauge til verda og litteraturen! Eg har oppfatta borgar som innbyggar av ein by (som jo har samanheng medborg). I SNL ser eg at ordet vart brukt i Tyskland om dei som ikkje høyrde til arbeidarklassa. Men kanskje ikkje berre der? Eg har sett ordet brukt i tiltale hos Victor Hugo (citoyen) (jf. «Aux armes, citoyens!» i den franske nasjonalsongen) (eg har ikkje sett filmen Citizen Kane, men her ser vi vel ordet brukt som ein innbyggar).
Eg meiner vidare å ha lese i Nordahl Griegs Nederlaget at rollefigurane (innbyggarar i Paris) tiltalar einannan med «borger» før etternamnet. Det som står hos Bulgakov, er sikkert noko liknande гражданский. Her kjenner vi att ordet for by, город, som ikkje er nok anna enn den russiske utgåva av det vi kallar gard (bynamnet «Novgorod» betyr jo «Nygard»). Ja, nå skriv eg meg bort! At forbrytarar i Sovjetunionen vart omtala som «borgarar», visste eg ikkje, men eg tur at dette kan ha vore i samsvar med internasjonal rettspraksis; "innbyggar" heiter vel гражданин (dvs. som citizen i Citizen Kane. Eg veit ikkje om ordet er brukt nedsettande hos Bulgakov; helst er det vel den gamle tiltaleordet som framleis er i bruk, ikkje slik at lovbrytarar (bortsett frå dei politiske) vart assosierte med det gamle styret Vi får sjå. Eg tek eitt kapittel i døgnet.

Takk for nettadressa! Men tida, da? Følgjer det med tid slik at ein får kost seg over kommentarane og kikka på originalutgåva parallelt?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Fint med denne typen diskusjonar, for her er alltid ein eller ei som opnar nye vindauge til verda og litteraturen!

Ja, ikke sant, jeg sitter og leser om Marx og Engels i Carl Grimbergs "Menneskenes liv og historie". Et undervurdert verk, etter min mening.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har lagt inn Grimbergserien her, om du skulle ha interesse av å registrere dei i samlinga di.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Supert :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde stor glede av Grimberg i ungdomsåra! Serien la grunnlaget for solid kunnskap og interesse for historie. Eg las bøkene opp att og opp att. At eg seinare har interessert meg meir for grundigare og meir problematiserande verk, er så si sak, men Grimberg hadde og har eg glede av!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg ser nå at nettstaden som Jostein viste oss, ikkje inneheld heile romanen; det ville vel ha vore for mykje forlangt. Eg har skumma gjennom starten, og eg ser at fyrste gongen "borger" blir brukt, er (i mi utgåve) på s. 21;

De skulle vel aldri ha vært, borger, på en anstalt for sinnslidende?

Dersom Jostein, i motsetning til Odin og meg, har rett om bruken av "borger", passar jo dette godt, med tanke på måten Stalin behandla motstandarar på. Men uansett gir samtalen i det fyrste kapitlet eit godt bilde av korleis Bulgakov framstiller landet som djevelens paradis ...

Men eg skal nok få tak i ei utgåve på russisk ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LesevimsaTrineRoger MartinsenHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenTrude OmaflamgeBeathe SolbergSusan StensrudSynnøve H HoelIngvild STor Arne DahlAnna Katharina MyklebustMerethe SolstadVidar KruminsKirsten LundEli HagelundMonica CarlsenHarald KTom-Erik FallaThomas Røst StenerudAmanda AMaikenChristinaTonesen81Daffy EnglundAnn-ElinHanne MidtsundNorahFriskusenBjørg  FrøysaaNabodamaMarianne  SkageIngunnJBjørg RistvedtToveandreas h. o.PirelliLars Johann Milje