Interessant spørsmål, men den fyrste reaksjonen min er at dette er å trekke namnebruken litt i lengste laget. Du har på den andre sida rett ibat russisk historie har ein del eksempel på denne typen namn, mest som pseudonym (Lenin, Gorkij, Stalin), og ikkje alle betyr noko (Lenin trur eg ikkje betyr noko, men Stalin har jo med stål å gjere og Gorkij er den bitre). Eg har ikkje romanen i original, så eg får ikkje sett kva ord forfattaren har brukt, men omsettaren har heilt sikkert sitt på det tørre). Vi får sjå kva som utviklar seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Tenkte bare jeg skulle nevne at noen mener Lenin tok dekknavnet sitt etter elva Lena. Fin symbolikk i tilfelle, det var jo der de fleste revolusjonære var deportert tidlig på 1900 tallet av Tsarens politi. Elva er svær og er en vei ut av Sibir.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg var klar over dette, men poenget mitt her er at namnet Lenin, i motsetning til Stalin og Gorkij, ikkje betyr noko konkret (elvenamnet Lena skal visst bety "den lange elva"). Takk for inspirasjon til å leite!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har ei kjensle av at der er mange gode poeng som flyg meg hus forbi fordi eg ikkje forstår kva navna til dei involverte tyder. Som eksempel, ca midt i kapittel 5 (på side 68 i mi utgåve) nevnast "de mest fremstående representanter for Massolits poesiseksjon, det vil si Bavianov, Blasfemskij, Sladkij, Sjpitsjkin og Adelfina Budziak"

Eg har vondt for å tru at Bavianov og Blasfemskij er anna enn morosame og lett nedsetjande navn som forfattaren har dikta opp. Men dei andre då, er dei også morosame og netsetjande? Nett no er det dumt å ikkje kunne russisk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sladkij (Сладкий) er vel "søt", men dei andre to tek eg ikkje her og nå. Og ordbøkene er pakka ned for tida, så eg lyt visst finne dei fram att.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeMcHempettTor Arne DahlStian AxdalHeleneRonnyHeidi BMarianne NordeideAnniken RøilGrete AastorpBjørg L.Kirsten LundPiippokattaChristofferTrude OmaMartineTjommiHarald KPer Åge SerigstadLars MæhlumBerit RBjørg  FrøysaaNicolai Alexander StyveIngeborg GKarin BergToveritaolineHanne Kvernmo RyeChristofer GabrielsenKristin_Kjersti SNorahSissel ElisabethIngunn SHilde Merete GjessingAnn ChristinTove Obrestad WøienIreneleserG LMads Leonard Holvik