UM Å BÆRAav Jan-Magnus Bruheim

Skapte er vi te bera,
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen -
Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
du ikkje kan dele med andre.
Men fatigsleg, liti og arm er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.
Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn.

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

DU I MEG

Den morgonen eg vakna
vart alt så underleg.
Sæl kjende eg det levde
eit du i meg.

Nyskapt stod alt ikring meg.
Og lukkelig og still
kom gleda hit og melde
at du er til.

JAN-MAGNUS BRUHEIM

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Per LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99