Vi har moro av å setja om tekstar vi har lese, til Aasen-mål for å få ein ekstra verfremdungseffekt. Her er ei prøve på Aasenizing:

KARL OVE KNAUSGÅRD: MIN STRID 1 (2009)

For hjarta er livet einfelt: Det slær so lenge det kann. So gjev det seg. Fyrr eller sidan, einkvan dagen, stoggar den stampande rørsla av sjølve seg, og blodet sig til botnars i skrotten og samlar seg i ein liten kulp som ter seg som ein blautvoren skjold på den kvitnande hudi, alt medan kjøtet kolnar, lemene stivnar og tarmane tømest. Denne yvergangen i dei fyrste timane er so seindrøg og regelbunden at det radt ser rituelt ut, som um livet gjev seg yver etter faste føresegner, ei stille semje som jamvel daudens utsendingar lyder, med di dei alltid ventar til livet hev drege seg ut fyrr dei rykkjer inn i det nye landskapet. Men då finst ingen atterveg. Inkje kann stansa dei ofselege svermane av bakteriar som so breider seg i lekamen. Berre nokre timar fyrr vilde dei ha møtt motstand med det same, men no er alt stilt ikring dei, der dei trengjer djupare og djupare inn i blautmyrkna. Dei når fram til dei haverske kanalane, dei lieberkünske kryptene, dei langerhanske øyane. Dei når Bowman-kapslane i nyro, Clark-sula i spinalis, svart-toet i mesencephalon. Og dei når hjarta. Enno er det heilt, men frårøva rørsla som det er bygt upp um, verkar det undarleg audslegt, som eit anlegg arbeidsfolket brått hev lòte fara ifrå, kunde ein tenkja seg, dei urørlege køyretyi som lyser gult mot den myrke skogen, brakkone som ligg tome, vognene i tògbana som heng fullasta andfares uppetter lidi.

I same stundi som livet leiver kroppen, høyrer han det daude til. Lampane, kuffertane, teppi, dørhandtaki, vindaugo. Bøane, myrane, bekkene, fjelli, skyene, himmelen. Inkje av dette er framandt for oss. Vi er stødt umgjevne av tingi og ovringane i den daude verdi. Likevel er det lite vi kvir oss meir for enn å sjå eit menneske fanga i henne, iallfall um ein dømer etter alt strævet for å halda liki ute or syne. På store sjukehus vert dei ikkje berre lagde i løynderom; jamvel vegane dit er løynde, med serskilde heisar og kjellargangar, og um ein skulde rota seg inn ein slik stad på slump, ser ein ikkje liki, for dei er tildekte. Når dei so skal fraktast frå sjukehuset, er det frå ein serskild utgang, i bilar med sota glas; ved kyrkja hev dei eit eige rom, utan vindaugo; i gravferdi ligg dei i lukka kistor heilt til dei vert lagde i jordi eller brende i omnen. Kva desse skikkane skal tena til, er ikkje godt å segja. Ein kunde dømes godt trilla liki utildekte gjenom sjukehusgangane og køyra dei derifrå i ei vanleg drosje utan at nokon ville li overlast. Gamlingen som sovnar inn i kinosalen, kann like godt bli sitjande til filmen er over, eller neste film. Læraren som fær slag i skulegarden, treng ein ikkje endeleg køyra burt med det same, og det er ingen fåre um han vert liggjande til vaktmeisteren vinn å ta hand um honom, jamvel om det måtte li ut på ettermiddagen eller kvelden. Skulde so ein fugl setja seg til og hakka på liket, kva so? Er det betre, det som ventar honom i gravi, berre fordi vi ikkje ser det? So lenge dei daude ikkje ligg i vegen, er det ikkje brått um, dei kann no ikkje døy ein gong til. Um vetteren hastar det endå mindre. Uteliggjarane som frys i hel på benker og i portrom, sjølvmordarar som hoppar frå høge bygningar og bruer, gamle kjeringar som fell um i trappeuppgangar, umkomne som sit fast i bilvraki sine, ungguten som halvdrukken dett i sjøen etter ein kveld på byen, den vesle gjenta som kjem under busshjulet, kvifor slik onn med få dei i skjul? Sømd? Kva skulde søma seg meir enn at far og mor åt gjenta fekk sjå henne der ein time eller to seinare, liggjande i snjoen ved ulukkestaden, med det knuste hovudet synleg so vel som den heile kroppen, det blodute håret so vel som den reine bublejakka? Ope mot verdi, utan løyndomar, soleis vilde ho liggja då. Men jamvel den eine timen i snjoen er utenkjeleg. Ein by som ikkje dyl sine daude, der ein kann sjå dei liggja i gator og stræte, i parkar og på parkeringsplassar, er ingen by, men eit helvìte. At dette helvìtet speglar livsvilkåri våre meir realistisk og djupast sett sannare, hev inkje å segja. Vi veit at det er slik, men vil ikkje sjå det. Det er grunnen til den gløymsledugnaden som bortslusingi av dei daude er ein del av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Au -- eg gløymde heilt spørsmålet! Korleis kan eg leggja inn slikt som dette som eit notat knytt til ei bok på mitt område? Poenget er altså ikkje å laga ein diskusjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

OK - takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilHeidi LINA TORNESsveinTor-Arne JensenTonesen81LilleviKristine87Mette-MKjell PFindusflaKirsten LundRufsetufsaGrete AastorpAnniken LSilje HvalstadTatiana WesserlingEivind  VaksvikHarald AndersenTanteMamieMargrethe  HaugenPiippokattaAmanda AHildaKristine LouiseElisabeth SveeMorten JensenEvaRandiAMads Leonard HolvikBookiacNorahJulie StensethMcHempettCecilie69Karen RamsvikLailaHilde VrangsagenHilde Merete Gjessing