Meiningane er delte om denne boka, og eg har òg kjent meg litt splitta. Fleire har nemnt Laxness, men eg ser at det ligg eit par generasjonar mellom dei to. Det har vore godt å nyte språket - nå snakkar eg reint generelt - i romanen, dei lange, dvelande setningane, skildringane som flyt lik havet. Setningane er som bølgjer, duvande, som "Nirvanas bulder".

Hamsun? Duun? Jo, så klart tematikken er litt som i Menneske og maktene - takk for det, Lillevi (og eg ville aldri bytte ut menneska på Øyvære med desse fiskarane her). Men det er, naturleg nok, noko nyare ved Jón Kalman (kall han nå ikkje Stefánsson,da; islendingane heiter det dei heiter - fornamnet (jf. telefonkatalogen der oppe, den tida vi hadde slikt)! (Kalman er eg forresten usikker på) - som Dag Solstad når han ikkje sett punktum, så godt å få ferdast gjennom side etter side med lange tankar ogv skildringar, nesten utan avsnitt, avbrotne av fyndige sanningsord ("Først er det liv, så død: / Her er liv, om liv, fra liv, til død.").

Uheldige språklege uttrykk er det få av her, synest eg. Minner Jón meg litt om Gaute Heivoll? Det er dette ved store delar av vår tids litteratur: Forfattarane skriv så teknisk godt, bygger opp handlinga og formulerer seg isolert sett glimrande til tider, og så kan dei bli svar skyldige når ein liten gut hos H.C. Andersen ropar at dei ikkje har klede på, ikkje har noko å skrive om. Innimellom meldte slike tankar seg da eg las Himmelrike og helvete. Men så er det vel berre ei oppfatning som kjem og går. Og da er vi tilbake hos Duun, om det å vere menneske, om å leve og døy når berre grunnfjellet er att. Det er dét boka handlar om

Fint at Himmelrike og helvete kom på lista!

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Forfattarane skriv så teknisk godt, bygger opp handlinga og formulerer seg isolert sett glimrande til tider, og så kan dei bli svar skyldige når ein liten gut hos H.C. Andersen ropar at dei ikkje har klede på, ikkje har noko å skrive om.

Takk til deg KjellG: Jeg har ikke sett det bedre formulert, og det er kanskje derfor jeg liker best forfattere som skrev for lenge siden.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Vegard BorgenKetilFriskusenLasse HenriksenVannflaskeHarald KBente L.RisRosOgKlagingG LHarald AndersenIreneleserKirsten LundEvaDolly DuckEli HagelundDemeterAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnn Helen EToveTorill RevheimBeate KristinEster SMonica CarlsenPiippokattaJan Arne NygaardIrakkRune U. FurbergalpakkaHelge-Mikal HartvedtTove Obrestad WøienJan-Olav SelforsGeir SundetBeathe Solbergingar hKjell F TislevollTherese HolmJohn LarsenAvaJarmo LarsenNina