Denne helgi vert det mykje lesing av norsk-stilar og kornotar, men med avbrot innimellom får me tru. Eg driv t.d på med Hulda Garborg. Forfattar og feminist, og tenkjer det kan passa å fortsetja med den denne helgi. Elles les eg ungdomsboka Until I Die av Amy Plum, ikkje svært god, men når eg fyrst har byrja på ein serie gir eg meg sjeldan. Og etter den ventar fleire ungdomsbøker, eg er i tvil om det vert fantasy eller romantikk, men det er sikkert at eg er litt miljøskada av å jobba på skulebibliotek.