Eg veit ikkje om det er eit bra eller dårleg teikn, men for eit par netter sidan hadde eg ein særs livaktig draum som involverte persongalleriet frå Middlemarch.

I draumen var personane høgst virkelige, men eg møtte dei ikkje. Derimot kunne eg lese om dei i diverse avisreportasjer. Der var bilete i reportasjene, og Dorothea såg omlag slik ut som eg forestiller meg det når eg les boka. Men Mr. Causabon såg heilt annleis ut enn eg hadde venta. Mykje friskare, på ein måte.

Den største overraskinga var likevel Mr. Brooks. Han såg forsåvidt omlag slik ut som eg hadde venta, kanskje enno meir vimsete i framtoninga. Og så kika han på fotografen over kanten på eit par lesebriller, monokkelen frå boka såg eg ikkje noko til. Men der var to par auge. Først trudde eg det berre var ein illusjon frå lysbrytninga i brilleglasa, slik at eg såg augene både over kanten på brilleglasa og gjennom sjølve brillene. Men ved nærmare ettersyn var det faktisk fire auge som kika over kanten på brilleglasa.

Eg tykkjer det er rart, nesten kritikkverdig, at Eliot ikkje har nevnt noko om dette noko uvanlege særpreget i boka si.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Selsomt - kanskje du har hatt en visjon, og at Mr Brooke egentlig er både klarsynt og vidsynt?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I went to the doctor the very next day
To see what kinda words he could say

He said it was a bad dream
I wouldn’t worry ’bout it none, though
They were my own dreams and
they’re only in my head

“I’ll let you be in my dreams if I can be in yours”
I said that

Read more: http://www.bobdylan.com/us/songs/talkin-world-war-iii-blues#ixzz2sYrRCUFA
;-)

Forøvrig begynner det å bli mange fine floker i kapittel 61.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

GroMonica CarlsenKetilGrete AastorpEirin EftevandMcHempettSolTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJHilde H HelsethIngeborg GsiljehusmorBeathe SolbergOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLars Johann Miljerubbel