Jammen tok det meg litt lenger tid enn forventa ( familien tok litt meir av tida mi enn eg hadde rekna med..) - men fekk avslutta bind 1 no i kveld.
Er litt lei meg for at eg ikkje fekk lese så samanhengande som eg likar, så derfor er inntrykket eg sit att med no noko uklart. Ja, ikkje nå det gjeld kvalitet, og slett ikkje når det gjeld mi oppfatning av stakkars Dorothea og Mr Casaubon! Eg vert berre lei meg når eg "ser" kor dårleg dei har det i ekteskapet. Og det at det røyner på med dårlig helse gjer det ikkje akkurat lettare for desse to.
No har eg alt leita fram bind 2 og gler meg til å ta fatt.......
Viser 1 svar.
Da har vi noko felles med Mary i boka; "I have little time for reading," seier ho i kap. 32. Book IV var underhaldande fordi enkelte personar var skildra med ein bråte ironi og humor. Sjølv om eg ofte seier som Rosamund i kap. 36 at "And you know that I never change my mind", skifter nok innstillinga mi til romanen frå bok til bok. Book V syntest eg var langtekkeleg. Eit gledesteikn var referansen til min litterære venn don Quijote i kap. 42:
She is ready prey to any man who knows how to play adroitly either on her affectionate ardour or her Quixotic enthusiasm; [...].