Sjølve handlinga i boka engasjerer meg hittil ganske lite. Heldigvis har boka andre kvalitetar som veg opp for dette. Forteljarstilen framstår for meg som overraskande moderne, eg hadde venta meg ein langt meir arkaisk stil. Biletbruken er nærmast fri for klisjear, den er forfriskende, og av og til også uventa. Ein får inntrykk av, som det er nevnt i fleire innlegg nedanfor, at det er ein særs intelligent og kunnskapsrik forfattar som fører pennen. Teksta er eit oppkome av kloke observasjonar av menneskenaturen, og sitat-verdige setningar og passasjar kjem tett som hagl. Og ikkje minst, ein får eit truverdig inntrykk av kva for idear og strøymingar som prega dei øvre samfunnslaga i England på denne tida. Så, ja, eg kjem til å halde fram med lesinga.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Som mange andre lesarar var eg ei stund litt splitta: På den eine sida kunne det i lange periodar vere lite driv over handlinga. På den måten kan Dickens (på sitt beste) og Austen (også ho på sitt beste) engasjere meg meir enn tilfellet er i mitt fyrste møte med George Eliot. Men på den andre sida, når Eliot er på sitt beste, finn eg same typen gode observasjonar og karakteristikkar som hos hos Austen, ja eg trur nesten Eliot er den beste av dei to her, og ikkje minst dei vittige kommentarane til eit menneske i eit klassedelt samfunn. Handlinga flyt godt, og dei mange personane gir oss eit nyansert bilde av livet i ein småby. Litt russisk, ja, som Lillevi er inne på.

Eg ser ein interessant parallell mellom ekteparet Casaubon i Roma hos Eliot og ekteparet Tesman og Gabel hos Ibsen (i Hedda Ganler), som òg er på bryllaupsreise der faglege aktivitetar dominerer.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg er enig med deg i (nesten) alt du sier, Jostein, bortsett fra utsagnet om at selve handlingen er lite interessant. Her er det handling i bøtter og spann - på det indre planet.

Én ting jeg er usikker på, er kunnskap om England «på denne tiden». Når er egentlig «denne tiden»? På vaskeseddelen får vi vite at handlingen foregår i 1832, før dem store valgreformen «The Reform Bill». Ukyndig som jeg er om britisk historie, vil jeg være takknemlig om noen kan informere om denne reformen og hva den førte til. Hvilket stort skille i britisk historie medførte reformen?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Reform Act 1832 gikk enkelt sagt ut på at folket ble mer rettferdig representert i Parlamentet. Tidligere hadde kretser med svært få velgere kunnet sende flere representanter, mens voksende industribyer i distriktene var underrepresenterte.

Etter reformen hadde en av fem engelskmenn stemmerett, og det er spekulert i om dette forhindret revolusjon i landet. Det gikk imidlertid nesten 100 år før alle kunne bruke retten sin.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Takk skal du ha, gretemor!
Jeg poster likevel innlegget mitt, selv om du kom meg i forkjøpet :-)

Jeg har prøvd å forske litt på disse reformene selv. Dette er hva Wikipedia sier

Slik jeg forstår det, var reformen i 1832 en valgreform. Adelen, som eide store landområder, hadde uforholdsmessig mange representanter i parlamentet. Mens derimot industribyene i nord, som hadde vokst seg store, hadde få. Reformen innebar en mer rettferdig fordeling av representantene, og innførte også stemmerett for lavere sosiale klasser.

For Middlemarch vil reformen av 1832 altså innebære at landsbyen mister innflytelse i parlamentet.

Wikipedia nevner også at kampen rundt denne reformen er et tema i Eliots bok, men ikke et hovedtema.

Dette vet jeg som sagt svært lite om, og er glad hvis mer kunnskapsrike lesere supplerer eller korrigerer meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Med fare for å framstå som kverulerande, så vil eg peike på at det er ein viss nyanse mellom at handlinga ikkje engasjerer meg (ei klar subjektiv vurdering), og ein påstand om at handlinga er lite interessant (ei formulering som kan tolkast som ei objektiv vurdering). Eg har ingen vanskar med å forstå at mange finn sjølve handlinga interessant. Men hittil har den ikkje fenga meg meir enn måteleg.

"På denne tida", ja. Eg irriterte meg faktisk litt over min eigen latskap medan eg skreiv det. Eg sikta til tidsromet handlinga er lagt til, men gadd ikkje å sjekke opp om eg hugsa rett årstal så eg valgde den enkle løysinga.

Eg lurer også litt på dette med "reform bill". Det snakkast jo stadig om reformer i boka, men det er ikkje klart for meg om alle desse er reformer som følger av denne "billen".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandElisabeth SveeMorten MüllerLars MæhlumPär J ThorssonSissel ElisabethTine SundalAstrid PedersenCathrine PedersenBjørg Marit TinholtKarin BergHilde H HelsethEvaPer LundKirsten LundMonica CarlsenAnne Berit GrønbechMaikenBerit RkriraSynnøve H HoelTorill RevheimEllen E. MartolgretemorKristine LouiseReidun Anette AugustinmgeSigrid NygaardSolGrete AastorpLabbelineBenedikteBjørg RistvedtBerit B LiePernille GrimelandToveTove Obrestad WøienFrode Øglænd  MalminIngunn SLaila