Eg byrja med eit "haust-forsett" for nokre år sidan, om at minst annakvar bok eg les skal vera ny for meg. Dette var fordi eg so ofte les om att bøker. Det kan jo vera kjekt, men ikkje alltid. Det forsettet gjekk so bra at eg har slutta å tenkja på det, men føl det likevel. Det opna rett og slett opp lesehorisonten min ein heil del. Sjølvsagt les eg av og til omatt gamle favorittar, men då er det eit medvite val.
Elles deler eg forsetta til mange andre her.
- Eg skal ikkje gå til impulskjøp av (so mange) bøker, men derimot lesa det eg har i hylla.
- Eg skal bli flinkare til å bruka biblioteket enn bokhandelen (elles må eg snart gå til innkjøp av enno ei bokhylle, og det er det rett og slett ikkje plass til).
- Eg skal lesa meir enn eg ser fjernsyn.
- Eg skal prøva ting eg får anbefalt.
- Eg skal (prøva å) nyta at eg ikkje lenger er student og lesa det eg har lyst til.
Eg hadde ei liste over bøker og forfattarar eg skulle lesa - og som listefanatikar var det godt å kunna stryka ut etterkvart som noko var ferdig - men då telefonen min måtte leggast inn til behandling gjekk den tapt. So eg skal nytta det høvet til å
- byrja med blanke ark.