Språkåret 2013 lakkar mot slutten, men eit nydelig dikt av Jakob Sande bør få vere med...

Gjentesmil

Eg vandra på gatone, frosen og stur,
for frakken var fillet og dagen var sur,
og alt gjekk meg liksom på tverke.
Men brått vart eg rørd av ei høgare makt,
eg gløymde mi armod og alt som var skakt,
og tralla so glad som ei lerke.

For best som eg gjekk der, ein folkestygg fant,
då kom der ei gjente frå motsett kant,
og sveisa kring husnova svinga.
Og nett då på farten framum meg ho gjekk,
ein tindrande smil i mi armod eg fekk,
som vermde meg langt inn i bringa.

Det var som ei sol over sjela mi rann,
eg takka min skapar og signa kvar mann
som kom meg til møtes på gata.
Eg gjekk der og ynskte min fiendsmann vel,
og steinane song under sundtrakka hæl,
og ingen i verda eg hata.

Ho smilte til meg, til ein sturande tufs,
ein regnpjusket sporv under Herreguds ufs,
min bustad i stormnæter svarte.
Ho såg eg leid vondt og ho kjende kje meg,
men strødde si sol på min skoddegrå veg,
fordi ho var god i sitt hjarte.

Gud signe den gjenta kvar helst som ho går,
Gud signe på ny hennar brusande hår,
og munnen og augo og kinnet!
Og gjev at ho stødt må få rikeleg løn,
fordi at ho høyrde mi tagale bøn
um kjærleik og solskin i sinnet.

Henta frå "Under bergfall" Mine kjæraste dikt ved Ragnhild S Fjørtoft
Har elles boka av Ove Eide: Jakob Sande Liv Dikting på vent....

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Du har rett i at dette er et nydelig dikt! Takk for at du delte det :))

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Morten MüllerAmanda AKirsten LundToveDolly DuckElin FjellheimSol SkipnesHarald KKristine LouiseFarfalleBjørn SlettenEli HagelundRufsetufsaJulie StensethCecilie69SanderHildeE .Trude JensenGeir SundetBjørn SturødConnie ThereseVannflaskeNinasiljehusmorLailaTine SundalRandiAVibekeKjersti SReidun SvensliMerethe SolstadBeathe SolbergMarenFrode TangenVioleta JakobsenThomas KolåsætermarithcHeidi Nicoline ErtnæsMalinKaramasov11