Mitt forslag er boka Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson (2012). Dette er den mest utlånte og lovpriste boka på biblioteket mitt det siste året. Den var Islands nominert til Nordisk råds litteraturpris i fjor, men forfattaren bur og arbeider i Norge (Bergen). Det er ei tynn bok med mykje innhald og rom for tolkingar og diskusjon!
Ellers vil eg tipse om eit veldig bra hefte med oversikt over nynorske bøker, laga av Haugesund folkebibliotek med støtte frå Haugesund mållag og ungdomslag og Fritt Ord. Hefte heiter Les! Nynorsk. De kan finne pdf-utgåva på denne adressa: http://www.haugesund.kommune.no/images/les_nynorsk_hefte.pdf
Viser 1 svar.
Takk for tips. Skal sjekke ut det hefte!