EG KAN

Eg skriv ikkje fint, eg les ikkje fort,

så meg er det lett å terge.

Men gjeld det å springe av stad

som ein hjort,

å dukke i elva

og klatre i berget

Jau det kan eg greie,

ja, da går det an

om nokon kan seie dei trur at eg kan !


Eg somlar og rotar, sit aldri i fred

eg får nok aldri ferdig ei lekse.

Men gjeld det å lokke mor til å le,

ein hund til å danse,

ein blom til å vekse -

Jau det kan eg greie,

ja, då går det an

om nokon kan seie dei trur at eg kan !


Eg greier mest aldri å fange ein ball,

eg spring nok men stega er tunge.

Men gjeld det å stelle ein hest

i ein stall,

ein sjuk i ein seng

og ein ørlitan unge-

Jau, det kan eg greie,

ja, det kan gå an

om nokon kan seie dei trur at eg kan.

Ingvar Moe

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 1 svar.

hehe Ingvar Moe er god. Husker han skrev en eller annen plass "spel meg inn" - tror det var hentet fra et kortspill lag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TralteEivind  VaksvikTanteMamieMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtKirsten LundPiippokattaHarald KDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaPirelliHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal HartvedtElinBe