Det som eg syntes var dumt med siste boka, var at det kjentes ut som om forfattaren bygde opp til noko veldig stort gjennom heile boka, og kva skjer i slutten? Volturi og Cullens møtest; eg forventer meg ein episk kamp med ofre på begge sidene, f.eks at nokre av Cullens døyr, at Jacob faktisk må rømme med Renesmee, at nokre av Volturi døyr, kanskje eit maktskifte i vampyrverda, men kva skjer? Ingenting, praktisk talt. Ein bifigur blir drept, og det er det. Og Bella og Edvard lever i ein evig lukkerus, Renesmee kjem til å leve for alltid, og Jacob får si store kjærleik, han òg. Det blei altfor keisamt, rett og slett.
Men det er berre kva eg meiner. Om du likte alle bøkene, så er jo det bra :-)