Var så heldig å få vere med på boklansering av boka i dag. Boka vart lansert i samband med 200-års jubileet for Aasen som vert markert fem dagar no i august.
Både forlaget og forfattaren hadde innslag som medverka til auka interessa for språkmannen Ivar Aasen (sjølv om eg veit godt at han irriterer mange...)
Gler meg til å ta fatt på denne, kanskje ein kveld i haustmørkret...
Viser 1 svar.
Mellom bakkar og Berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
« Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rundingen trygt.»
Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken den ville han sjå.
Frampå vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.
Og med denne skriven av Ivar Aasen i 1863, vil eg gratulere alle bokelskere med dagen!
17.05.20