Eg meiner at det går an å samanlikne bok og film. Det er riktignok ei samanlikning på eit anna grunnlag enn film og film, eller bok og bok. Men i samanlikninga bok og film er det adapsjonen som står i fokus, korleis regissøren og filmteamet har tolka boka og korleis denne tolkinga samsvarer eller ikkje samsvarer med mi eiga oppleving av boka. Når eg seier at eg liker eller ikkje liker ei filmatisering, snakkar eg i stor grad om i kva grad eg opplever at filmen fangar opp dei elementa i boka som eg syntest var viktige då eg las ho.
Viser 5 svar.
Da høres det ut som om du stiller større krav til filmer som er basert på utgitte bøker enn filmer som ikke er det. Og det kan jo være en litt urettferdig måte å bedømme filmer på.
Boken har "rett", filmen må "prestere".
Jeg kjenner meg forsåvidt igjen i tankegangen, men så lenge jeg er bevisst på at jeg kaster stein i glasshus så er det vel greit.
Det første eg tenkte då eg las svaret ditt her, var "Nei, du har misforstått det eg sa". Men så tenkte eg meg litt meir om, og kanskje du har eit poeng.
Det punktet eg tenker at du har misforstått meg på, er at boka har rett, men filmen må prestere. Eg prøvde å seie at eg ser på filmen som ei tolking av boka. Der eg har lese boka først, pregar det meg og måten eg ser filmen på. Viss eg ser filmar basert på bøker eg ikkje har lese, har eg inga forforståing. Men når eg ser filmar basert på bøker eg har lese, kan eg ikkje unngå å samanlikne. Og med det meiner eg ikkje at boka er meir eller mindre "rektig" enn filmen. Eg meiner at filmen er ei tolking av boka, som eg kan vere meir eller mindre einig i.
På den andre sida er det noko i det du seier eg kjenner igjen. For eg samanliknar. Men det gjorde eg også då eg las *Pride and Prejudice" for første gong, etter å ha sett filmen 10 gonger først. Og eg trur ikkje det er mogleg å ikkje la dei inntrykka ein allereide har prege filmsjåinga eller lesinga i slike tilfelle.
Jeg satte det litt på spissen som du kanskje skjønte, men jeg er helt enig i at filmen er en tolkning av boka som det går an å være mer eller mindre enig i. Jeg synes det er en bra måte å se det på. Men om du hadde forklart det på den måten til en som først og fremst er filminteressert mistenker jeg at han ville sperret øynene opp og ment at filmen uansett er "hovedverket" som skal bedømmes.
"Viss eg ser filmar basert på bøker eg ikkje har lese, har eg inga forforståing."
Nettopp, og jeg føler ofte det kan være befriende å gjøre dét for å la filmen få leve mer sitt eget liv.
En litt annen diskusjon er: Finnes det noen typer bøker som rett og slett ikke egner seg for filmatisering? Jeg husker jeg så et intervju med regissørene av "No Country for Old Men" for en stund siden da en av dem nevnte at "the book was just begging to be a film!". Så da tenker jeg at det må være bøker som ikke gjør det også, men skal det være et bra eller et dårlig tegn for slike bøker da?
Eg skjønte at du sette det på spissen, og eg ser absolutt poenget ditt, med at filmen som sådan mister litt av sin eigenart dersom han blir samanlikna med boka. Men det er vel forskjell på kva fokus ein har også - er det eit spørsmål om å vurdere adapsjonen som god eller dårleg, då er boka relevant. Men er det eit spørsmål om det filmtekniske som sådan, er ikkje forhaldet til boka relevant. Og i ei rekke spørsmål er boka irrelevant for filmen. Men likevel er spørsmålet om forhaldet mellom dei to media relevant, i det filmen seier at han er ein adapsjon av boka.
Det beste eksemplet på filmar som lever betre på eiga hand enn saman med boka er vel kanskje "A Clockwork Orange". Eg tenker Kubrick med ei gong. Og eg veit ikkje kva forfattaren av boka bak filmen heiter.
Eg trur ikkje alle bøker er eigna til filmatisering. Eg trur snarare tvert imot at filmbransjen er litt raske med å gjere litterære salssuksessar om til film. Og det er langt frå alltid like vellukka. Eg høyrde nokon (eg hugsar ikkje kven eg siterer) seie at tv-serien er romanen sitt adapsjonsformat, medan filmen er novella sitt format. Dei beste filmatiseringane eg har sett er filmatiseringar som kuttar veldig mykje av boka bort, og legg vekt på eit aspekt. Og kanskje er det slik, at romanen ofte krever eit større format enn filmen.
Jeg tror mange stiller høyere krav til en film dersom den er basert på en bok (man har lest), og at det dermed blir slik at filmen må prestere. Jeg prøver å ikke ta på meg "de brillene" hvis jeg skal se en film basert på en bok. En av de bedre opplevelsene jeg har med adapsjon fra bok til film er "Everything is illuminated". Boken er skrevet av J. S. Foer og er noe av det snåleste, men bedre jg har lest. Filmatiseringen er kjempegod synes jeg! Rollefigurene er gjennomførte, det visuelle uttrykket er fargesterkt, det musikalske er emosjonelt. Tekniske genistreker fra boken blir synlige i filmen. -begge deler kan anbefales!