470 var ein god slump, ja. Egentlig har eg ingenting å klage over, berre 21 uleste i hylla når dei siste nyanskaffelsane kjem på plass. Men eg ynskjer å kome ned på 3-5, det føler eg er passeleg for å ha litt å velge imellom når ein skal velge ny bok. Dersom eg ikkje kjøper fleire bøker no (kjenner at dette blir veldig hypotetisk) så bør eg kome dit før jul.
Viser 1 svar.
Og der velta nok eit forsett, det skulle ikkje store tua til. Tua var kassert-kassa på biblioteket, og lasset eg drog med meg heim for kr. 5,- pr bok var:
Marekors, Frelseren, Snømannen og Hodejegerne, alle av Jo Nesbø,
Kråkejenta av Eriksson og Sundquist,
og på impuls ei bok om Taterdronningen Marie Lovinie av Arvid Møller.
Dermed er ulest-lista oppe i 25.