ORD OVER GRIND
Du går fram til mi inste grind
og eg går fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam
og det skal vi alltid bli.
--
Aldri trenge seg lenger frem,
var lova som gjald oss to.
Anten vi møttes titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.
--
Står du der, og ikkje ein dag kjem,
fell det meg lett å snu,
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt at der bur du.
--
Så lenge eg veit at du vil kome iblant,
som no over knasande grus,
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mit hus.
Haldis Moren Vesaas
Viser 1 svar.
Det er et så usigelig vakkert dikt! Jeg hørte Haldis Moren Vesaas lese det en gang, og ble helt satt ut!