Eg har høyrt mykje på lydbøker dei siste åri. Det var ein vanesak, men då eg ein sommar plukka bringebær i nokre veker var det perfekt å byrja å lytta meir, og eg vart godt vant til det. Dei andre tok pause, medan eg sto i mi eigi bringebærverd og lo, bok etter bok. Etterkvart vart det ei heilårsgreie, no høyrer eg lydbok på bussen, når eg går til jobb eller når eg er åleine i bilen. Av og til til oppvask eller liknande, og sjølvsagt til all bærplukking.
Eg synes det passar best med fantasy på lydbok. Det er som om nokon fortel eventyr til ein, som når ein var liten. Men det er òg mykje anna som høver, so sant opplesaren er god. Eg har gitt opp eit par, når eg ikkje klarte å komma på bølgjelengd med opplesaren.
Å høyra ei lydbok og lesa ei papirbok er to ulike ting - i lydboki ligg det allereie ei tolking, nokon har lese den før meg. Men det er ofte spanande, enten når denne tolkinga er lik eins eigi, når den skil seg heilt eller når ein vert merksam på korleis den påverkar deg som lyttar. Dessutan er det jo grueleg praktisk, i alle tilfelle der du ikkje kan ha ei bok i handi.
Eg nyttar audible.co.uk, som eg har sett fleire her. Det er rimeleg (i motsetjing til andre her blir det ikkje meir enn vel ein halvtime lytting kvar dag, so ei bok held nokre veker), og svært praktisk dersom ein nyttar appen. Då slepp ein vegen innom ein pc før boki er lagra på dingsen og klar til å høyrast.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFlillianerIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLaila