Eg arrangerer ein kveld om Hulda i april i Bergen, der Arnhild Skre skal fortelja om henne. Glad for å lesa at nokon finn det spanande å høyra på - då gler eg meg enno meir til å læra meir om Hulda frå Arnhild, gjennom både biografien og talte ord.
Elles er eg stamgjest på Nynorske litteraturdagar i Aurland kvar haust (vel, so stamgjest ein kan vera når ein bur tre timar unna og har mykje anna på agendaen), og det er alltid kjekt å høyra forfattarar snakka om både sine eigne og andre sine verk. I fjor fekk eg mellom anna eit spark bak for å komma i gang med Ragnar Hovland (att), etter ein hyggeleg - og litt rar - samtale mellom han og Finn Tokvam. Kanskje var det nett det rare, at samtalen hang seg opp litt sjølv mellom to som kjenner kvarandre so godt, som gjorde at eg vart ekstra nysgjerrig og klar til å gyva laus.
Viser 5 svar.
Jeg skal til Bergen i april (datoene er ikke endelig bestemt). Å høre Arnhild Skre fortelle om Hulda Garborg høres forlokkende!
Vi du gi litt mer informasjon om når og hvor.
Onsdag 10. april kl 19.30 i Gimle, Kong Oscars gate 18. Inngang 50 kr, og alle er hjarteleg velkomne - tenk slik stas det hadde vore om det passa med din Bergenstur!
Veldig stas! Har notert tid og sted. Sender deg en personlig melding om det klaffer - så får vi hilst på hverandre :-) Flott initiativ!
Så gøy Mari .-) Her var det Mållaget som var arrangør i saman med biblioteket. Før foredraget fekk me ei "framsyning" frå to Garborg-kjennarar som spela Hulda og Arne. Tema var landsmål kontra riksmål og det vart ei fornøyeleg åpning.
Til lukke med ditt arrangement!
Ja, her er det ungdomslaget, og me skal få teaterlaget vårt til å spela eit utdrag av si eigi førestilling Hulda= som dei sette opp i fjor, i Hulda-året. Mange takk!