Eg har endeleg ei helg eg skal bruka berre til lyst-ting, og ingen bør- eller må-ting. Det gjeld lesingi òg - eg skal lesa vidare i Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon. Eg vurderer òg å byrja på ei bok med ein ganske morosam layout, The Thorn and the Blossom av Theodora Goss. Dessutan trur eg det vert litt ikkje-skjønnlitteratur, den siste veka har ein stabel av vil-lesa-bøker hopa seg opp: Tarjei Vesaas sine Dikt i samling, Tid å hausta inn av Bodil Cappelen (om Olav H. Hauge), og Hulda Garborg. Nasjonal strateg av Arnhild Skre er alle klare til å bli påbegynte. I tillegg har eg fyr i peisen og skinn på golvet, so det teiknar til å verta ein strålande mini-vinterferie denne helgi
Viser 1 svar.
Hørtes deilig ut!!
God helg, kos deg masse :)