Er det andre enn eg på dette forumet som har interesse for brasiliansk litteratur, og som freistar å lese på portugisisk no og då? Eg har leita litt i gamle diskusjonstrådar og snoka rundt i diverse boksamlingar, men utan å få inntrykk av at det er eit overveldende stort antal bokelskarar med slik interesse. Derfor denne etterlysinga.

oppdatering:
for å auke sjansen for at denne etterlysinga blir synleg for eventuelle framtidige søk legg eg til eit knippe nøkkelord:
literatura brasileira, brazilian literature, Brasil, Brazil, brasileiro, portugues, portuguese, lingua portuguesa

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Er det nokon bokelskere som skal på Deichmanske laurdag 26. april på ope seminar om Machado de Assis? Sjølv har eg fryktelig lyst men det passar ikkje. Men dersom nokon andre på bokelskere.no eventuelt tek del ville eg blitt veldig glad dersom vedkomande i etterkant kunne skrive eit par linjer om tilstellinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei
Jeg er Dora. Jeg så profilen din på bokelskere.no, liker å være din venn.
Jeg håper du ikke tankene. Hvis u vil vite mer om meg og for meg å sende
deg mitt bilde, send meg en epost på (dkumba30@yahoo.com

Takk.

Hi
I am Dora. I just saw your profile on bokelskere.no, like to be your friend.
I hope you do not mind. If u want to know more about me and for me to send
you my picture, send me an email at (dkumba30@yahoo.com

Thank you.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som ein del av førebuingane til ein komande Brasil-tur har eg starta å planlegge kva eg skal finne tak i av brasiliansk litteratur under opphaldet. Machado de Assis har eg vært nyskjerrig på, Dom Casmurro er vel den mest kjende boka hans, men etter å ha kome over denne omtalen av Brás Cubas' posthume memoarer seila den opp som førstevalget. Det gleda meg stort når eg oppdaga at desse to bøkene straks skal kome ut på norsk (forsåvidt på tide, bøkene er mykje over 100 år gamle). Dermed er det lov å håpe på at det blir fleire enn eg på dette forumet som vil meine noko om desse bøkene i løpet av dei nærmase åra.

Utanom desse to bøkene så planlegg eg å skaffe meg Leite derramado (spilt mjølk) av Chico Buarque, mest kjend som musikar men som likevel har vunne gjeve nasjonale litteraturprisar, mellom anna med denne boka.

Ellers så merka eg meg eit tips frå Natalie om Mitt Søtappelsintre av José Mauro De Vasconcelos i ein annan diskusjonstråd. Kjenner ikkje denne forfattaren frå før, men er absolutt noko eg skal sjekke nærmare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienGro-Anita RoenRisRosOgKlagingIngebjørgKjell F TislevollHeidi LJulie StensethKirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGrete AastorpBjørn SturødMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit Grønbech