Høgtlesing der ein les i lag er veldig bra! Fordelen er at ein kan velge litt meir avanserte bøker, noko som kanskje fengar meir, utan at barnet blir heilt motlaust av tekstmengda. I tillegg er det ofte slik at høgtlesing er meir stimulerande for ordforrådet enn eigenlesing, nettopp på grunn av at tekstar barna skal lese heilt åleine ofte blir enkle. For ein med lesevanskar tenker eg at det nok er viktig å lese noko som stimulerer leselysta, slik at han får lyst å lese meir.
Viser 2 svar.
Ja, ikke sant! Det sies jo at de som har lesevansker (f.eks dysleksi) har skjerpet den auditive evnen til å tilegne seg stoff. Valg av mer avanserte tekster og litteratur tror jeg, som deg, vil stimulere ordforrådet til barna.
- Det er jo flotte argumenter for høytlesing for alle barn, uansett leseferdigheter :)
Eg var på eit kurs i regi av jobb for nokre år sidan. Foredragshaldaren sa at heilt opp i 12 års alder var høgtlesing meir utviklande for ordforrådet enn eigenlesing. Og når eg tenker over det er det jo igrunn heilt logisk!