Og så var det nyttårsforsettene...

ETTER EIN RANGEL

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zions bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå upp når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
trur eg.
Men i dag lyt det få væra, for eg er so spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
trur eg.

Jakob Sande

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Dikt av Jakob Sande

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det glemte jeg å skrive - nå har jeg rettet det opp. Takk for at du sa ifra!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TanteMamieLilleviMargrethe  HaugenPiippokattaAmanda AHildaKristine LouiseElisabeth SveeMorten JensenEvaRandiAMads Leonard HolvikBookiacNorahJulie StensethMcHempettCecilie69Karen RamsvikKirsten LundLailaHilde VrangsagenHilde Merete GjessingEivind  VaksvikRonnyTrude JensenJohn LarsenEllen E. MartolEli HagelundIngvild SFrode TangenG LToveCecilie EllefsenGodemineBjørg L.CaritaAvaTonje-Elisabeth StørkersenVanja SolemdalPer Lund