Innsirkling av Carl Frode Tiller - som eg ser mange før meg har nemnd - tok pusten frå meg. Eg vart heilt fengsla. Det er noko av det mest fantastiske eg nokon gong har lese. Språket, flyten og personane - eg kunne kjenne meg igjen i absolutt alle. Det var heilt villt.

Kompani Orheim gjekk ned på berre litt over eit døgn - eg ofra søvnen på nattbussen til Oslo for å lese den, deretter delar av søvnen på Kiel-ferga. Eg kan ikkje setje fingeren på kva det var som fenga meg eingong, og eg veit det framleis ikkje. Men åh, for ei oppleving den boka var.

Andre bøker som gjorde inntrykk var Vikna-saken og Hvem var Henry Rinnan?, begge gamle bøker om Rinnan og hans puslerier i Trøndelag under andre verdskrig. Dei fekk ekstra effekt i og med at eg budde i Grong på det tidspunktet, og slukte absolutt alt som hadde med krigen å gjere (noko eg forsåvidt gjer framleis). Song for Eirabu var òg eit stort høgdepunkt, og eg gler meg til å ta fatt på bok to ein gong til neste år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Deler din begeistring for Innsirkling. Noe av det beste som er skrevet paa norsk de siste aarene synes jeg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er heilt einig! Så enkelt og rett-på-sak, og samtidig så komplekst og gjennomført.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MSigrid NygaardHilde H HelsethGroVibekeLisbeth Kingsrud KvistenConnieHarald AndersenMarit HøvdeSverre HoemAnette SKirsten LundLene AndresenEgil StangelandNinaLailaAlice NordliGodeminePrunellaWenchePirelliingar hToveIngeborgAud- HelenBjørn BakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRandiATine SundalPiippokattaNina GHanne Kvernmo RyeGro-Anita RoenGunillaHeidiCamillaRos-Mariknut erikTrineWenche Vargas